Regjeringa har nyleg lagt fram ei melding til Stortinget om livslang læring og utanforskap, og vaksenopplæringsrådet vil ta tak i dei utfordringane og tiltaka som er skisserte her.
I første omgang vil Vaksenopplæringsrådet arrangere ein konferanse om dei utfordringane som denne meldinga peikar på.
Medlemmer i Vaksenopplæringsrådet
Rådet har medlemmer frå følgjande organisasjonar:
- Kommunane v/skoleeigarane i Nord
- Kommunane v/skoleeigarane i Midt
- Kommunane v/skoleeigarane i Sør
- Rogaland fylkeskommune
- KS Rogaland
- VOFO Rogaland
- NHO Rogaland
- LO Rogaland
- NAV Rogaland
- Universitetet i Stavanger
- Høgskolen Stord/Haugesund
- Fylkesmannen i Rogaland
Rådet møtest fast to gonger årleg. Rådet etablerer arbeidsgrupper for særlege satsingar/oppgåver etter behov. Fylkesmannen tar seg av sekretariatsoppgåver.