Voksenopplæringsprisen 2023
Ein jury samansett av Voksenopplæringsforbundet og Møre og Romsdal fylkeskommune har vedtatt å gje Voksenopplæringsprisen for 2023 til går til «Filosofisk samtalegruppe for eldre i Kristiansund»
I kriterene for prisen står det at «Mottakaren skal gjennom sitt engasjement for læringsaktiviteter ha medverka til å gje menneske i vaksen alder læringsframgang gjennom deltaking, oppleving, refleksjon og bruk av eigne erfaringar i læringsmiljøet.»
Juryen meiner at Filosofisk samtalegruppe for eldre i Kristiansund fullt ut oppfyller kriteriene for prisen. Gruppa blei starta i 2010 som eit prosjekt i regi av Human-Etisk Forbund. Dei første åra holdt gruppa sine møter på Barmanhaugen, men frå 2019 har Frivilligsentralen vore den faste møteplassen. Sidan starten har gruppa avvikla meir enn 150 møter for medlemmane, som har ein gjennomsnitttsalder på om lag 80 år.
Formålet med samtalegruppa er å utforske sentrale menneskelege spørsmål og verdiar. Alle deltakarar kan komme med framlegg til tema som skal analyserast. Det kan vere temaer av generell menneskeleg verdi eller spørsmål knytt til aktuelle hendingar og utviklinga i samfunnet.
Juryen uttrykker at å gje prisen til Samtalegruppa er eit signal om kor viktig det er at samfunnet vektlegg læringsaktivitetar og læringsmiljø for vaksne også i høg alder. Juryen håper derfor at denne prisen også kan vere ein stimulans for etablering av tilsvarande studiegrupper i vårt fylke.
Kontaktperson for vinnaren er Berit Jørgenvåg. Ho er tilgjengeleg via tlf. nr. 48 26 00 23.
Voksenopplæringsprisen for Møre og Romsdal blir delt ut den den 16. november, under konferansen «Kompetanse for mestring og trivsel». Konferansen vert arrangert på Romsdalsmuseet i Molde. Programmet for konferansen følgjer vedlagd.
Prisen består av eit diplom og ein sjekk på 10.000 kr.
Vinnaren i Møre og Romsdal går også vidare til landsfinalen, der den nasjonale prisen blir delt ut av Vofo sentralt på den internasjonale dagen for utdanning, den 24. januar 2024. Dette arrangementet vil foregå i Hamar,
Media er hermed invitert til å dekkje prisutdelinga på høveleg måte. Vennligst ta kontakt med underteikna eller vinnaren sin kontaktperson om det er ønskjeleg med meir informasjon om denne saka.
Vennleg helsing
Voksenopplæringsforbundet i Møre og Romsdal
Ragnar Johansen
Rådgiver
Tlf. 92 60 86 84