- Regjeringa styrker norskopplæringa for innvandrarar gjennom ein eigen norskinnsats. Betre kunnskapar i norsk er nøkkelen for å lukkast, uttalar kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V) i ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet (KD).
I budsjettframlegget frå KD gjer regjeringa framlegg om «25 millionar kroner til norskinnsats. Fem millionar går til å styrke tilskotsordninga for integreringsarbeid i regi av frivillige organisasjonar, og vil bli øyremerkte til norsktrening. 20 millionar kroner blir sette av til å prøve ut ei klippekortordning der målgruppa for norskdugnaden får tildelt eit visst tal timar til norskopplæring. Det blir mellom anna lagt opp til at frivillige organisasjonar og arbeidsgjevarar vil rekruttere deltakarar til denne ordninga. Målgruppa for ordninga er dei som anten ikkje er på B1-nivå etter fullført norskopplæring, eller som ikkje i dag har rett til opplæring, til dømes innvandrarar frå EØS-land.»
- Studieforbunda er eit svært effektivt verkemiddel for å bidra til betre integrering. Dei og frivillige organisasjonar og lag har alt tilbod som møter mange behov, både for dei som skal nå eit visst formelt nivå, og for dei som treng uformell språktrening, seier Rune Foshaug.
- Vi ser på det som positivt at ein øyremerker midlar til norskopplæring for vaksne innvandrarar, til dømes EØS-innvandrarar som ikkje har rett til opplæring, seier Foshaug.
Studieforbunda er fleksible og har stort mangfald av tilbod
Studieforbund som Folkeuniversitetet og AOF har lang tradisjon for vanlege norskkurs. Desse femner alt frå nybyrjar til avansert nivå, og dei er tilpassa mellom anna nivåskalaen som er etterspurd til prøvene som mange skal ta. Dette gjeld til dømes B1-nivået som er omtala i budsjettet (sjå lenkje til rammeverket nedanfor).
- Denne påplussinga er eit viktig supplement til andre tilskotsordningar. Mange av medlemsorganisasjonane våre har alt ulike uformelle møteplassar der språktrening er ei viktig målsetting, sier Ingebjørg Gram, seniorrådgiver i Studieforbundet Folkeuniversitetet.
- Nokre har organisert norskopplæring, og her er folkeuniversitetsregionane desidert størst. Fleire tusen lærer kvart år norsk på nivåa A1-C1 gjennom Folkeuniversitetet: på opne kurs, som bedriftisntern opplæring, gjennom Kompetansepluss Arbeid eller på opplæringstiltak på oppdrag få Nav eller kommunar. Desse ekstramidla betyr at medlemsorganisasjonane i tillegg kan tilby dei dei alt er i kontakt med ei organisert opplæring opp til B1, seier Gram.
- Vi trur det vil føre til at langt fleire vaksne med minoritetsbakgrunn vil få auka norskdugleik. Det er òg svært gode nyhende at EØS-innvandrarar endeleg skal få eit tilbod. Vi står klare, anten det dreiar seg om undervisning i klasserom eller digitalt, avsluttar Gram.
Næring til nye moglegheiter i arbeidslivet
Eit godt døme på korleis ein kan kopla er fagopplæringstilbod der ein legg inn norskopplæring som ein del når dei som deltek treng det. I haust tok 17 praksiskandidatar i bedrifter som høyrer til Takentreprenørenes forening kurs i yrkesteori i samarbeid med Folkeuniversitetet. Åtte av deltakarane, som ikkje har norsk som morsmål, fekk dessutan femti timar norskopplæring for å koma opp på såkalla B1-nivå. Les meir her.
Det vert òg gitt kurs i yrkesnorsk tilpassa ulike fagområde. AOF gir til dømes slike kurs knytt til bransjeprogramma for reiselivsfaget, sikkerheitsfaget og for reinhaldarar i olje-, gass- og leverandørindustrien.
Eit anna døme er ein kursmodell frå Studieforbundet kultur og tradisjon der deltakarar med flyktningbakgrunn møter norske kursdeltakarar for å læra nye ferdigheiter og trena på norsk. Ein variant av dette er «Ull på norsk». Husflidsforeininga i Levanger er eit av mange lokallag som har invitert innvandrarkvinner til kurs. Norskopplæring kombinert med kurs i saum og strikketeknikkar er ei vinneroppskrift og ein veg inn i arbeidslivet. Les meir her.
Språk og aktivitet hand i hand
Vi kunne nemna eit vell av aktivitetar der lokale lag og foreningar bidreg til inkludering i lokalsamfunnet og gir språktrening attåt. Det finst språkkafear og internasjonale turgrupper som denne i lokalforeininga til Den Norske Turistforening i Molde. Les meir her.
Studieforbunda med medlemsorganisasjonar og lokale foreningar er ofte parate til å laga slike aktivitetar når det er etterspurnad etter det.