Voksenopplæringsprisen i Møre og Romsdal 2024

Gosen Bygdekvinnelag tildeles Voksenopplæringsprisen i Møre og Romsdal 2024
Bilete av styret i Gossen Bygdekvinnelag
Frå venstre: Katrine Rindarøy, Linn Anette Blomvågnes, Elisabeth Eikrem Førde, Kjellaug Urdshals, Randi Navestad og Oddny Elin IlestadFoto: Gossen Bygdekvinnelag

Ein jury samansett av Voksenopplæringsforbundet og Møre og Romsdal fylkeskommune har vedtatt å gje Voksenopplæringsprisen for 2024 til går til Gossen Bygdekvinnelag.

- Å bli tildelt Voksenopplæringsprisen i Møre og Romsdal er berre ei heilt fantastisk! Så overraskande og så uventa, men kjempestas å bli sett pris på som gode formidlarar gennom våre mange små og litt større kurs og prosjekt, seier Kjellaug Urdshals i Gosen Bygdekvinnelag. - Å få denne prisen betyr heider og ære til alle dei flotte og dyktige damene i Gossen Bygdekvinnelag, så tusen takk frå oss alle for Voksenopplæringsprisen 2024!

I dei nasjonale kriteriene for prisen står det at «Voksenopplæringsprisen kan utdeles til enkeltpersoner, foreninger, bedrifter eller institusjoner som har brukt læring til å skape positiv endring for seg selv eller andre.»

Dette året var det nominert 8 kandidater til voksenopplæringsprisen i Møre og Romsdal.

Juryen uttaler følgjande i si vurdering av vinnaren i 2024:

Gossen Bygdekvinnelag utmerker seg med

  • Eit stort mangfald i aktiviteter, for ulike målgrupper
  • Ein stor kursaktivitet innanfor ei rekke fagområder
  • Å halde i hevd tradisjonar og kultur og bringer dette viaere til nye generasjonar
  • Å arrangere møteplassar og aktiviteter for bygdesamfunnet, som når langt utover bygdekvinnelaget sine eigne medlemmer
  • Å ha realisert læringsprosjekt med skole- og barnehage gjennom blant annet «Dyrk selv».
  • I eigen regi gjennomført «Varme skjerf» -aksjon – til inntekt for kreftpoliklinikken ved SNR (sentralsjukehuset for Nordmøre og Romsdal)
  • å ha gjort seg positivt synleg i media, som ein frivillig samfunnsressurs

Juryen uttrykker at å gje prisen til Gossen Bygdekvinnelag er eit signal om kor viktig det er at samfunnet vektlegg læringsaktivitetar og læringsmiljø som både ivaretar og utvikler lokalsamfunnet på en inkluderende måte. Juryen håper at denne prisen også kan vere ein stimulans for andre kultur- og læringsberande organisasjonar i vårt fylke.

Kontaktperson for vinnaren er Kjellaug Urdshals. Ho er tilgjengeleg via tlf. nr. 92 64 09 66.

Voksenopplæringsprisen for Møre og Romsdal blir delt ut den den 28. november, under konferansen «Deltaking og mestring heile livet». Konferansen vert arrangert på det nye Campus Kristiansund.

Prisen består av eit diplom og ein sjekk på 10 000 kr.

Media er hermed invitert til å dekkje prisutdelinga på høveleg måte. Vennligst ta kontakt med underteikna eller vinnaren sin kontaktperson om det er ønskjeleg med meir informasjon om denne saka.

Vennleg helsing

Voksenopplæringsforbundet i Møre og Romsdal

Ragnar Johansen

Rådgiver

Tlf. 92 60 86 84