Konferanse og utdeling av vaksenopplæringsprisen i Møre og Romsdal

Vellukka dagkonferanse i Kristiansund om korleis vi kan motverke utanforskap hjå ungdom.
Rådgjevar Ragnar Johansen og Fylkesutvalsleiar i Vofo Møre og Romsdal Nils-Gunnar Solli
Rådgjevar Ragnar Johansen og Fylkesutvalsleiar i Vofo Møre og Romsdal Nils-Gunnar SolliFoto: Torgeir Toppe

Dagkonferansen "Deltaking og meistring heile livet" vart skipa til på Campus Kristiansund torsdag 28. november.

Fokus for konferansen var spesielt på korleis ein kan motverke utanforskap hjå ungdom, til dømes gjennom tilretteleggjing for deltaking i frivillige og interessebaserte aktivitetar. Dette er eit prosjekt som Vofo Møre og Romsdal har arbeidd med i 2024.

Ansvarleg for fagopplæring i Møre og Romsdal fylkeskommune Bjørnar Loe, og fylkesordførar i Møre og Romsdal Anders Riise
Ansvarleg for fagopplæring i Møre og Romsdal fylkeskommune Bjørnar Loe, og fylkesordførar i Møre og Romsdal Anders RiiseFoto: Torgeir Toppe

Vaksenopplæringsprisen i Møre og Romsdal

Vaksenopplæringsprisen for Møre og Romsdal 2024 vart tildelt Gossen Bygdekvinnelag. Prisen vart utdelt av fylkesordførar Anders Riise.

Utdeling av Vaksenopplæringsprisen 2024 til Gossen Bygdekvinnelag
Utdeling av Vaksenopplæringsprisen 2024 til Gossen BygdekvinnelagFoto: Torgeir Toppe

Leiar i Gossen Bygdekvinnelag, Kjellaug Urdhals, heldt ein strålande presentasjon av laget sitt virke sidan oppstarten, og korleis dei får med seg heile bygda i ymse aktivitetar. Mellom anna driv laget med opplæring av unge i ulike mattradisjonar og kulturhandverk, dei er aktive innan integrering og opplæring på tvers av generasjonar. Dette laget er eit godt døme på kor viktig læring i frivilligheit er!

Leiar i Gossen Bygdekvinnelag Kjellaug Urdhals
Leiar i Gossen Bygdekvinnelag Kjellaug UrdhalsFoto: Torgeir Toppe