Unge vaksne skal stimulerast til å utvikle eigen mestringsevne og læringslyst

I Møre og Romsdal er Vofo-systemet med studieforbund og organisasjoner engasjert i arbeidet med å tilby kurs og læringsaktiviteter for unge vaksne som opplever å befinne seg i et «utenforskap».
Foto av plansje
NAV: motvirke utenforskapFoto: Ragnar Johansen

I Møre og Romsdal er Vofo-systemet med studieforbund og organisasjoner engasjert i arbeidet med å tilby kurs og læringsaktiviteter for unge vaksne som opplever å befinne seg i et «utenforskap».

Vofo har ein formell samarbeidsavtle med fylkeskommunen, og i denne er mellom anna følgjande arbeidsmål som partane skal samarbeide om

  • Å synleggjere relevante kurstilbod, også for gruppa unge vaksne
  • Å samarbeide om informasjons- og kurstiltak for å styrke integrering og inkludering av innvandrarar og flyktninger
  • Å legge til rette for at studieforbund kan samarbeidemed fylkeskommunen og kommunaneom å oppfylle plikta til å tilby grunnskole og vgs for vaksne

Den 13. juni blei saka satt på dagsordenen, i eit «miniseminar» der eit tiltalls organisasjonar innan den frivillige vaksenopplæringa møtte representantar for fylkeskommunen si utdanningsavdeling og NAV Møre og Romsdal.

Frå fylkeskommunen vart det presentert informasjon om årsakene til at ungdom ikkje starter eller gjennomfører vidaregåande utdanning. Dei største gruppene av unge i «utanforskapet» er dei som ikkje har søkt på vgs, dei som har avbrote skolegangen og dei som har svart nei til skoleplass eller venteplass.

Oppfølgingstenesta – OT – har pr. 2024 oppfølging av 740 elevar. Forholdet mellom kjønna er slik at 58 % er menn og 42 % er kvinner.

NAV Møre og Romsdal at det pr. 16.05.24 var registrert ca. 5.600 personer i det definerte «utenforskapet»i aldersgruppa under 30 år. 41,7 % av disse har ikkje fullført vgs, og 36,4 % er innvandrarar. Av gruppa samla står

  • 1.101 personer som arbeidssøkjarar
  • 1.460 personer er mottakarar av arbeidsavklaringspengar, og av disse har 1052 ein psykisk diagnose.
  • 2794 personar er i målgruppa for ungdomsgarantien
  •  977personar mottar uføretrygd

I siste del av samlinga drøfta representantane for studieorganisasjonane korleis den vidare prosessen bør foregå. Det var nemnde tiltak som

  • Å vurdere eigne kursaktivitetar med tenke på å prioritere tiltak som kan vere særleg aktuelle for målgruppa
  • Å organisere læringsarenaer og former som innebærer god kvalitet på inkludering og læringsmiljø
  • Å kunne etablere eigne utviklingsprosjekt som kan fatte interesse for dei «unge vaksne»

Fylkesutvalet vedtok at neste samling i dette prosjektet blir 12. september – rett i etterkant av Fylkeskulturkonferansen, på hotell Scandic Seilet.

RJ og NGS
Regionrågjevar i Vofo Ragnar Johansen og leiar i Fylkesutvalet Nils-Gunnar SolliFoto: Ragnar Johansen