Rita Vistad får Voksenopplæringsprisen i Buskerud
Hun får prisen for sitt viktige arbeid med voksenopplæring og bevaring av norsk håndverkstradisjon.Innhold
Vofos fylkesutvalg i Buskerud har besluttet å tildele Voksenopplæringsprisen 2024 til Rita Vistad. Prisen ble overrakt i Oslo onsdag 18. desember.
Rita har i flere tiår vært en sterk forkjemper for veving og tekstiltradisjoner i Norge. Med sin faglige kompetanse og engasjement har hun inspirert nær 300 personer til å fullføre Vevopplæringa, et kurs hun selv var med på å starte. Dette samarbeidet mellom Norges Husflidslag og Studieforbundet kultur og tradisjon har vært viktig for å bevare og videreutvikle norsk vevtradisjon. Rita har også vært med på å lage læreplaner for faget og undervist både erfarne håndverkere og nybegynnere.
Betydning for lokalsamfunn og voksne lærende
Ritas arbeid har gått langt utover undervisning. Som organisator og leder har hun bidratt til å skape trygge læringsmiljøer på frivillige arenaer. Hun har hatt flere viktige verv i Vofo, Norges Husflidslag og Studieforbundet kultur og tradisjon. Dette har gitt voksne i regionen flere opplæringsmuligheter. Rita har også jobbet for bedre vilkår for tradisjonshåndverkere, noe som har hatt stor betydning for lokale håndverksmiljøer i hele landet.
En inspirasjon for mange
Rita har vært en viktig kilde til inspirasjon for mange som har deltatt i voksenopplæring. Hennes arbeid har hatt stor betydning for læringsmiljøene i Buskerud. Rita har hjulpet mange med å utvikle sine ferdigheter og deltatt i kunnskapsdeling. Vi gratulerer Rita Vistad med den velfortjente prisen!
Nominasjonen fra Studieforbundet kultur og tradisjon
Studieforbundet kultur og tradisjon meiner at Rita Vistad, Norges Husflidslag Buskerud, oppfyller kriteria for å motta Voksenopplæringsprisen 2024 for Buskerud.
Rita Vistad har i fleire tiår vore ein utretteleg forkjempar for handvevarfaget og tekstile tradisjonar i Noreg. Med djup og inngåande fagkunnskap innan veving og handverk, har ho utmerkt seg som ein framifrå kunnskapsformidlar, og når dei lærande med eit sjeldant engasjement og ei fagleg dyktigheit. Hennar kompetanse og engasjement for å vidareformidle handverkskunnskap til vaksne, har bidrege til at nesten 300 personar har fullført den omfattande Vevopplæringa, som ho sjølv var ein av pionerane bak, arrangert i samarbeid mellom Noregs Husflidslag og Studieforbundet kultur og tradisjon. Ho har inspirert mange deltakarar og gjeve dei kompetansen dei treng for å ta vare på, vidareføre og vidareutvikle norsk vevtradisjon på eit høgt fagleg nivå.
Rita har vore ein sentral figur i opprettinga og utforminga av læreplanar innan handvevarfaget. Gjennom arbeidet som vevlærar på lokallagsnivå og på den modulbaserte Vevopplæringa, har ho inspirert både erfarne handverkarar og nybyrjarar til å fordjupe seg i faget og vidareføre det som ein viktig del av norsk kulturarv.
Ritas engasjement strekkjer seg langt utover sjølve undervisinga. Som organisator og leiar har ho bidratt til å sikre trygge og stimulerande læringsfellesskap på fleire frivillige arenaer. Gjennom sine mangeårige verv i blant anna Vofo Buskerud, Vofo Regionutval Viken, Norges Husflidslag og Studieforbundet kultur og tradisjon, har ho arbeidd målretta for å gje opplæringsmogelegheiter til vaksne i regionen. Ho har òg vore ein pådrivar for å betre rammevilkåra for tradisjonshandverkarar, noko som har hatt stor betydning for lokalsamfunn og miljø av husflidshandverkarar over heile landet. Som tillitsvald i Buskerud husflidslag og SKT Buskerud /Viken har Rita ivra for, og gjennomført masse opplæringstiltak for studieleiarar og kurslærarar.
Rita Vistad har dessutan vore ein viktig ressurs for demokratisk kunnskapsdeling, og arbeidet hennar har styrka enkeltmenneske sine mogelegheiter til deltaking, refleksjon og utvikling av eigne erfaringar. Gjennom sitt virke har ho inspirert mange til å delta i, og fullføre, vaksenopplæringstilbod, noko som har hatt ei betydeleg positiv innverknad på fylkets læringsmiljø.