Fagsamling i prosjektet "Unge vaksne i opplevd utanforskap"
Viktig Fagverkstad for organisasjonar i Møre og Romsdal tirsdag 11.mars
Unge i opplevd utanforskap
Korleis kan den frivillige vaksenopplæringa med Vofo sine organisasjonar medvirke til å betre situasjonen for den store gruppa av «Unge vaksne i utanforskapet»?
Dette er eitt av temaene når Vofo Møre og Romsdal arrangerer den tredje fagsamlinga knytta til prosjektet "Unge i opplevd utanforskap" på Vestnes Fjordhotell tirsdag 11.mars.
I prosjekt Unge vaksne har vi hittil hatt 2 Fagverkstader. No skal vi ha den tredje og foreløpig siste verkstaden, før vi skal levere ein «pakke» med framlegg til kurs og læringsaktiviteter innretta mor deltakarar i aldersgruppa 15 – 30 år. I «pakken» kan det ligge både vanlege åpne kurs, organiserte prosjekt, arbeidsgrupper for spesifikke arrangement eller deltaking i aktiviteter som organisasjonen/lokallaget driv med som del av sitt medlemstilbod. Vedlagt følgjer statusrapporten som vi leverte til fylkeskommunen 21. januar.
Stad og tidspunkt for Fagverkstad nummer 3 er Vestnes Fjordhotell, tirsdag 11. mars kl. 14 – 17, med lunsjmat frå kl. 13,00 for dei som ønskjer dette.
-På denne samlinga vil dei organisasjonane som allereie har sett sine tiltak på lista få presentere disse, samt at det blir gitt meir informasjon om dei behov og moglegheiter som ligg i prosjektet, seier Vofo sin rådgjevar i Møre og Romsdal, Ragnar Johansen. - Slik Vofo vurderer dette prosjektet så vil deltaking i prosjektet kunne resultere i både rekruttering av nye medlemmer samt utvikling av nye kurstilbod og læringsaktiviteter opp mot gruppa av unge vaksne. Vi mener difor at vil kunne gi mange positive ringverknader for dei organisasjonane og lokallaga som engasjerer seg til aktører i dette prosjektet.
Oppdraget ble presentert i møte med fylkeskommunen 19. april 2024, der oppdraget ble definert til at Vofo i MR skal «setje opp ei liste over kurs som kan vere aktuelle for gruppa «unge vaksne» som er definert å leve i eit «utanforskap».
13. juni 2024 arrangerte Vofo MR Fagverkstad 1 der målet var å framskaffe eit tilstrekkelig kunnskapsgrunnlag for å utvikle «kurs og læringsaktivitteer» som kan fungere som relevante for målgruppa «unge vaksne i utanforskap». Alderen 15 – 30år vart definert som den aktuelle alderen for dei unge vaksne.
Av opplysningar som kom fram gjennom presentasjonane frå NAV MR og fylkeskommunen v/KON-avdelinga var følgjande særleg interessante:
- Fylkeskommunen skal følgje opp unge vaksne i aldersgruppa 16 – 24 år
- OT ved vgs har i skuleåret 2023-24 registrert 740 ungdommer som trenger særskilt oppfølgning
- Årsaker til at ungdommene skal følges opp av OT:
- Har ikke søkt opplæring i vgs
- Elev som har avbrutt skolegangen
- Stort fravær
- Feilvalg
- Har svart nei til skoleplass/venteplass
- Har aldri hatt plass/venteplass
- Frafall i forebyggende arbeid
- Har ikke fått tilbud om lærlingeplass
- Lærling som har avbrutt lærlingeplass
- Kjønnsfordelinga: 42 % er kvinner – 58 % er menn
- Utfordringane for fylkeskommunen er at ein ungdom
- ikkje har starta i vidaregåande opplæring
- har slutta i vidaregåande opplæring
- ikkje er i arbeid
- går i vgs, men treng eit meir inkluderande tilbod
-Alle frivillige organisasjonar har noko dei kan bidra med her, seier Ragnar Johansen. -Det er derfor særs viktig at flest mogeleg blir med på denne fagsamlinga!
Påmelding innan 6. mars til mr@vofo.no