– Eg ser fram til å koma i gang og bidra i rådet på vegne av fagskulane i studieforbunda, seier Dirdal, som er rektor for Fagskolen AOF Norge.
– I stortingsmeldinga om kompetansereforma peikar regjeringa på at det skal lagast ein strategi for høgare yrkesfagleg utdanning. Fagskulane skal òg kunna gje kortare tilbod til arbeidslivet. Dette blir det interssant å ta med i det vidare arbeidet, held ho fram.
Det kom tusen nye studieplassar til fagskule i revidert nasjonalbudsjett. Har koronakrisa gitt ekstra merksemd til denne delen av utdanningssektoren?
– Det har vore meir merksemd kring fagskulesektoren i den seinare tida, og no blir ikkje berre universitets- og høgskulesektoren omtala. Vi blir synlegare, men dette byrja før krisa. Til dømes har fagskoleforskriften som kom i fjor, og meir satsing på kvalitetsarbeid, nok bidratt til dette. Men det er klart at denne krisa får fram behovet endå tydelegare. Fagskulane til studieforbunda spelar ei viktig rolle her. Vi kan raskt tilpassa oss behovet ute i arbeidsmarknaden, slik vi gjer til vanleg, seier Dirdal.
I framlegget til revidert budsjett er regjeringa inne på at auken i studieplassar berre gjeld for denne krisa og at ein skal attende til ”det normale” seinare.
– Ja, dette er ei ekstrautlysing som gjeld for det komande året eller til dei som får desse plassane er ferdige. Nokre av studieløpa tek to år hjå oss. Men eg meiner vi skal arbeida for at desse plassane skal bli permanente, avsluttar Dirdal.
Les meir:
- Studieforbundene må få mer sentral rolle i kompetansereformen.
- Kunnskapsdepartementet: Meld. St. 14 (2029-2020). Kompetansereformen - Lære hele livet
- Fagskoleloven
- Fagskoleforskriften
Om Nasjonalt fagskoleråd Fagskolerådet er samansett av representantar frå organisasjonane i arbeidslivet og fagskulesektoren. Det gir Kunnskapsdepartementet råd i spørsmål om høgare yrkesfagleg utdanning. Voksenopplæringsforbundet (Vofo) og Fleksibel utdanning Norge (FuN) har éin plass og byter på å ha den faste plassen og vararepresentant. Kari Olstad (FuN) er vara denne perioden. Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku) er sekretariat for Fagskolerådet. |