Vofo er hovudorganisasjonen for eit stort mangfald av studieorganisasjonar der livslang læring og livsmestring er målet for ulike opplæringstiltak og arrangement for vaksne i alle aldrar.
Konferansen "Læring gjennom heile livet" i Ålesund den 20. oktober skjer mellom anna i samarbeid med Senteret for et aldersvennleg Norge, og det er då naturleg at det vert mykje fokus på læringsaktiviteter og former for dei godt vaksne av oss.
-Vi ønskjer leiarar både i dei frivillige organisasjonane og i kommunane velkommen til denne konferansen, seier regionkonsulent og leier av fylkesutvalet Ragnar Johansen.
Ragnar Johansen (Foto: Privat)
Dato: 20. oktober 2022
Stad: Hotell Scandic Parken i Ålesund.
Økonomi: Konferansen er gratis, finansiert av Vofo
Påmelding: Innan 01. oktober 2022 til mr@vofo.no
Meir informasjon og program for konferansen finn du her.
Ragnar Johansen opplyser også at nytt av året er at Vofo mot slutten av konferansen vil dele ut Læringsprisen for 2022 til ein kandidat som «på ein framifrå måte» har utmerka seg med å jobbe målretta med si eiga eller verksemda si kompetanseutvikling.
Her finn du meir informasjon om Læringsprisen og korleis ein nominerer kandidatar til prisen. Fristen for nominasjonen er i Møre og Romsdal 15. september.
VELKOMMEN TIL KONFERANSEN "LÆRING GJENNOM HEILE LIVET" I ÅLESUND TORSDAG 20.OKTOBER 2022
Foto: Nicolai Berntsen on Unsplash